Klimaet har endra seg, seier Carmen i Cuba.

At det regna mange dagar i januar, er ho ikkje vant til. Den karibiske øya er midt i den tørre årstida.

For ein reiseleiar som besøker Havanna no og då, er andre endringar meir slåande. Bybildet, for eksempel.

For nokre år sidan begynte byggekranene å reise seg i kamp mot forfallet. Fidel hadde ikkje pengar til å halde ved like det som ein gong var ein av dei vakraste byane i verda.

Men kranene er blitt fleire.

Først vart dei flotte bygningane rundt Plaza Vieja og dei andre plassane i gamlebyen restaurerte. No er også fasaderekka langs Mexico-bukta i ferd med å bli gjenskapt slik ho ein gong var. Mellom byen og storhavet ligg gata Malecon, med sitt breie og populære promenadefortau på utsida.

– «MSC Opera» er favorittbåten min, sa ein fiskar eg snakka med for nokre dagar sidan.

Han har den faste plassen sin på kaia som vender mot det romslege hamnebassenget. At hamnebassenget er så romsleg, var grunnen til at Havanna fekk ei nøkkelrolle i det spanske koloniriket. Her var det plass til dei mange seilskutene som kom søkklasta med gull og sølv og andre, verdifulle varer frå dei latinamerikanske koloniane. Skutene måtte samlast i Havanna før dei kunne krysse Atlanteren. Elles ville dei vore altfor lett bytte for piratane. Eskortert av tunge krigsskip sette konvoiane kurs for Cadiz og Sevilla.

– «MSC Opera» er ein flytande by, sa fiskaren med beina dinglande utfor kaikanten.

Her inne er det mest småfisk. Og ikkje så mange av dei. Mellom nappa har han god tid til å funderer på korleis menneska har det inni Opera-en.

Fleire funderer på kva den veksande turiststraumen vil gjere med Cuba. Lasteskipa har fått ein ny kjempeterminal vest for byen. Hamnebassenget er reservert for cruiseskip. Det er ikkje mange månader sidan dei første smaug seg forbi festningsanlegget El Moro. No kjem gjerne to, tre eller fire på éin dag.

Cruisetrafikken blir ikkje stoppa av undervasskjettingen som vart strekt over innløpet ved festninga når sjørøvarskutene prøvde seg. USA har oppheva straffa mot skipseigarar som besøker Cuba.

Men USA tillet ikkje amerikanske cruiseselskap å besøke Cuba. Ikkje enno.

For utanforståande er det ikkje lett å bli klok på den amerikanske blokaden. Endå mindre forstår eg praktiseringa av den.

Flygingar mellom Miami og Havanna er kome i gang igjen. Etter 54 års opphald. 40 minutt tek turen. Den er for amerikanarar med særskilt løyve. Amerikanarar som ikkje har slikt løyve, får lov til å reise til Cuba om dei oppgir at dei skal på «studietur». Men dei må ta fly frå Canada eller Mexico. Stadig fleire gjer det.

USA ser offisielt på Cuba som ein terrorstat. For mange amerikanarar er nabolandet eit eksotisk reisemål. Dei blir ønskt velkomne av cubanarane.

Etter handtrykket han gjorde med Barack Obama, har Raúl Castro forventningar til at dollarinntekter vil gje Cuba oppsving.

Dei som fiskar frå betongkanten på Malecon, er gjerne yngre. Dei veit akkurat kvar dei kan stå i fred og nokonlunde tørt sjølv om ambisiøse havbårer når målet sitt – å ende som ein foss innover Malecon.

Mens dei venta på at ein baracuda eller pargo skulle bite på kroken, såg dei cruiseskipa passere i det fjerne. Det var inntil i fjor sommar. Frå sist haust har fiskarane reflektert over kva dei vil bringe; turistkolossane som glir forbi, ei spyttlengde utanfor snøret deira.

Forrige veke såg eg ein dykkar som hadde fanga ein 6 kilos pargo med harpunen sin. Han gjekk så fort over gata at eg rakk ikkje å ta bilde av han. Eg fekk spurt kva fangsten var verdt. Med eit smil snudde fiskaren seg og ropte tilbake at han skulle selje den til ein restaurant for 15 konvertible pesos. Det er månadslønn for mange tilsette i Cuba. Sjølv om skulen og helsestellet er gratis, er det knapt nok til å overleve på. Fiskefangst og tipspengar frå turistar gjer kvardagen lysare for mange.

Mvh

Egil Heggen

Reiseleiar