Alternativ jul på Cuba

Framhjula er plukka frå ein Lada.

Slik blir det halde liv i sovjetminna.

Men Cuba lever ikkje på gamle minne.

Dei kunne heller ikkje hindre at sukkerkunden Sovjetunionen vart borte.

Kunne ikkje hindre armod og svolt. Nei.

Men kubanarane er stolte. Sjølvstendige. Klarte på eit vis å komme seg gjennom knipa på 1990-talet. Med bakaksel frå ein havarert Moskvitch held dei liv i den eldgamle amerikanaren. Gliset bak rattet sit laust når han startar.

Cubanarane er lystige. Held ikkje att smila.

Også Pedro gliser når han viser fram ein ny, nyrulla sigar. Han har grunn til det. Dei som meiner dei har greie på røyk, seier at Pedro veit kva han driv med. Kundane hans er i Frankrike, Kina, Canada.

Fidel tenkte som han sjølv ville. Og gjer det nok enno. Men ein ting skjønte han. At han måtte legge landet sitt meir til rette for turistar då Sovjet og eksporten vart borte.

Turistane var ikkje tunge å be.

Eg har vore der saman med nokre og tjue grupper. Har enno til gode å høyre ein gjest som ikkje er blitt positivt stimulert av den cubanske atmosfæren. Livsgnisten.

Inntrykk som har brent seg inn hos alle. Krydra av bilde med 66 år gamle Chevroletar på netthinna.

Lillebror Raúl er trass alt fem år yngre enn storebror. Han tenker nytt. 85 år i år. Han ser ikkje noko gale i at cubanarane bruker mobiltelefon. Eller bur på hotell. Eller besøker eit anna land. Når dei ikkje har pengar, er det ikkje uansett ikkje mange som har råd til det.

For amerikanarane er det omvendt. Dei har råd til det. Men dei har ikkje lov til å reise til dei landa dei vil. I alle fall ikkje til Cuba. Sjølv om dei har lyst.

Amerikanarane forstår det ikkje. Dei er flaska opp med propagandaen om kvifor dei ikkje kan besøke den næraste naboen i Karibia. Men dei meiner at utreisenekten har gått ut på dato. At blokaden som John F. Kennedy innførte for 55 år sidan, er historie.

I alle fall tenker mange, vanlege amerikanarar slik. Og lurer seg til Cuba. Ved at dei først reiser til Canada eller Mexico. Eg har møtt mange av dei. Dei også gliser når dei opnar ein pose dei har kjøpt med god, cubansk kaffe og slår den over i ein blank plastpose. Dei vil ikkje ta risken på at kofferten blir opna når dei skal heim att til USA, og politiet avslører at dei har vore i Cuba. Det er verre enn med opium i posen.

Slik vil Kongressen at det skal halde fram. Obama er ikkje berre realpolitikar. Han er smart. Han har funne smutthola som amerikanske fly og ferjer kan bruke når dei set kurs for Cuba. Dei er fullbooka for lang framover.

Hjelp!

Kjem amerikanarane og slår beina under meg? Her prøver eg å ha eit meiningsfylt pensjonistliv med å sykle ilag med nordmenn som har oppdaga at sykkel er det ideelle framkomstmiddelet på ferie i framande land. Og så kjem amerikanarane og overbyr oss! Utan at dei har tenkt å sykle ein meter!

Men nei. Så lett let vi oss ikkje dytte or vegen, vi som har vakse opp mellom bakkar og berg.

Også Olivenreiser er smarte, nemleg. Gjennom 15 år med gruppeturar på Cuba har vi funne fine krikar og krokar som dollarturistane susar forbi i dei koreanske leigebilane sine.

Høyrer dei rytmene? Ensar dei atmosfæren?

Eg gler meg til å feire jul på Cuba igjen. Reiser 14. desember. Kontoret i Skien seier at det enno er ledige plassar. Berre så du veit det.

Inntil vidare – god haust!

Egil