Kva ende skal ein begynne i, om ein skal fortelje om den tredelte sykkelturen i Vietnam og Kambodsja?

Så mange inntrykk, så ulike opplevingar, så ulikt frå Vesten.

KambodsjaP1100137-(1)

Vi er komne til enden, byen Siem Reap i Kambodsja. Eg har ikkje høyrt anna enn at dei 25 i gruppa er begeistra.

Overvelda over at opplegget har så rikt innhald, og at logistikken fungerer til den minste detalj.

 

KambodsjaP1100308-(1)

Men, det har forresten ikkje fungert prikkfritt. Frontveskene mangla då vi skulle sykle til Angkor Vat. Så dukka dei jammen opp på første fruktstopp.

Så vart heller ikkje den dagen mislykka.

 

KambodsjaP1090967-(1)

Det oppløftande er møtet med blide barneauge. Ein skulle tru at alt er berre elendigheit i eit gjennomkorrupt land

der ein stor del av befolkninga lever nær sveltegrensa.

Fattigdommen rullar forbi oss der vi sit på dei høge sykkelseta våre.

 

KambodsjaP1100289-(1)

Men vi ser smila og barnehender som vinkar til oss, høyrer «hello»- og «bye-bye»-ropa. Vi roper og vinkar tilbake.

 

KambodsjaP1090678-(1)

Så kjem vi inn i eit skogparti igjen og får tid til å reflektere. Får tid til å tenke på at materiell rikdom er ikkje alt i livet.

Men vi hugsar også blikka vi ikkje tar bilde av. Triste blikk finst også.

Og mange er forundra over den store flokken med syklande turistar frå ei anna verd.

 

 KambodsjaP1090950-(1)

Vi reiser heim i håp om at den veksande straumen av turistpengar skaper arbeid og velferd.

 

KambodsjaP1100361-(1)

Egil Heggen, reiseleiar