Den dagen sola snudde, vart det billegare å bruke internett på Cuba. Kanskje går informasjonsflyten lysare tider i møte.

Sjarmen består

Nesten kvar veke dukkar det opp små teikn på at noko skjer. Ingen veit kva det nye året vil bringe.

For oss som var i «julegruppa» til Olivenreiser, arta den cubanske landsbygda seg slik den har gjort dei siste 10-15 åra. Frå sykkelsetet er landet like fascinerande og sjarmerande som før. Like hyggelege landskap og fjes – og atmosfære.

Men forresten. Kanskje er det fleire hestar å sjå langs sykkelruta. At fleire har fått råd til å bruke hest som framkomstmiddel. El-scooterar også.

Likevel vil livet på landsbygda gå sin tradisjonelle gang – lenge. Kulturen og folkelynnet vil halde fram å gjere det attraktivt å vere turist på Cuba.

Fleire har fått kjøpekraft

Mens vi sykla til stranda veslejulaftan, opna ein ny butikk i Cienfuegos, «El Encanto». Pågangen var så stor at dei måtte stenge døra og sleppe kundane inn puljevis. Tålmodig venta dei på å kjøpe parfyme, skor og andre luksusting til jul.

Utanfor den nye butikken stod parkerte trillebårer fulle med kalkunar. Dei venta på å bli julemat.

Aldri før har eg sett benkene i den store marknadshallen så velfylte.

Prisane på leilegheiter i Havanna har begynt å skyte i vêret. Også det er eit utslag av at fleire cubanarar har fått kjøpekraft. Men ikkje berre derfor. Blant dei som kjøper hus og leilegheiter på Cuba, er mange nordmenn og andre utlendingar. Det ordnar dei med å inngå avtale med ei (eller ein) som dei stoler på. Skøytet må nemleg stå i namnet til ein cubansk statsborgar.

Plukkar ut kjepper frå hjula

Som eit nytt innslag på promenadegata Paseo del Prado i Havanna har eigedomsmeklarar dukka opp. Som alle andre har dei begrensa tilgang til papir, så dei deler ikkje ut dei små annonsehefta til kreti og pleti. 1 CUC (ca. 9 kroner) kostar dei.

Kommunistpartiet liker det kanskje ikkje, men marknadsmekanismen har fått hjula til å svive litt fortare i den karibiske øystaten.

Fidel stakk kjepper i dei hjula. Broren Raúl Castro har tatt ut att mange.

Raúl vil heller at folk skal drive bisniss enn at dei skal site som overtallige i statsapparatet og tvinne fingrar. Han er på langt nær i mål med prosessen med å nedbemanne den oppblåste staben av offentleg tilsette.

At dei overtallige sit og tvinnar fingrar, er forresten ikkje heilt presist. Meir vanleg er at dei snakkar i smartphonen sin eller meskar seg med Facebook.

Positivt signal

Det er anslått at berre fem prosent av husstandane har privat tilgang til internett. Resten må oppsøke trådlause soner om dei vil på nettet, om dei ikkje har det på arbeidsplassen.

Billegare nettkort var derfor ei populær julegåve.

Inntil 2015 kosta ein time ca. 50 kroner. Når vanleg månadslønn er under 200 kroner for dei som lever av nasjonale pesos, seier det seg sjølv at internettkort ikkje er kvardagskost.

Med snille onklar i USA eller yrkesposisjonar der ein får tips frå turistar, er rundt rekna ein tredel av befolkninga tilgodesett med «konvertible pesos» – CUC – som er det som må til for å ha kjøpekraft.

Då timeprisen for nett-tilgang kom ned i 18 kroner, begynte cubanarar å blande seg med turistane som stimlar seg saman i dei trådlause sonene. Med den nye taksten på ca. 13 kroner (1,5 CUC) er det enno steindyrt for cubanarar flest.

Men signalet som ligg i prisreduksjonen, blir tatt positivt imot. Castro-regjeringa held ikkje lenger prisen ekstremt høg for å hindre befolkninga i å bruke nettet.

Kva blir det neste? At epost-trafikken ikkje lenger blir overvaka? Eller at det blir lov å skrive «democracia» og andre fy-ord i SMS-ar? Ingen veit.

Unnselege og artige nykomlingar

Noko som i alle fall er i rask endring, er serveringstilbodet i Havanna.

Raúl oppmodar arbeidsledige til å ta privat initiativ. Det passar bra for turistar som vil kose seg rundt bordet.

Utradisjonelle restaurantar og barar poppar opp. Nykomlingar har trengt seg inn bak smale dører og høge trapper. Eller i lokale så kronglete at ingen der skulle tru at nokon kunne bu. «Somos Cuba» med Che på veggene er ein slik.

Årets siste Oliven-gruppe feira julekvelden på utradisjonelt vis. Det fall i smak. Stemninga var høg. Det var òg aperitiffen – servert i avdanka pikkelsglas. At kjøkkensjefen på «El del Frente» hadde undervurdert behovet for arbeidshjelp og fiskeinnkjøp, vart vegd opp av nydeleg mat og gratis dessert.

Ifølgje NRK har det aldri kome så mange utanlandske turistar til landet som i fjor: 4 millionar. Då er det ikkje lett for ein kjøkkensjef å henge med.

Egil Heggen
Reiseleiar