Neddempa stråling, dust, litt gammalrosa. Stemninga den mjuke ettermiddagssola skapte over dikene i Ninh Binh, er sjeldan ein opplever frå eit sykkelsete.

Vi håpte at tida skulle stanse, at livet skulle halde fram og smile til oss i det milde lyset og vakre landskapet. Vi kunne nyte å vere til.

Når eg møter blikket til ein vietnamesar, lager tanken lett lenke til slike behagelege stunder.

Her er det mange av dei; både behagelege stunder og vennlegsinna blikk.

Første delen av turen i Nord-Vietnam er unnagjort. Vi lever gode dagar i sør.

Lyset og naturen er annleis. Blikka er dei same, milde, gode.

Vi veit at historia har dei med seg. Nær, hard. Likevel er dei så gjestfrie. Også mot oss som ikkje kjempa hardt nok imot den amerikanske galskapen.

Så flinke dei er til å skilje mellom minna om det som har skjedd og trua på kva livet kan bringe. Optimismen har gode kår i Vietnam.

Så flott med alle inntrykk som får oss til å reflektere der vi trør oss fram i bedageleg tempo.

Olivenreiser arrangerer ein sykkeltur, ja. Men sanneleg får vi noko attåt. Kanskje skulle vi kalle det refleksjonssafari. Danningsreise.

Enno har vi fargerike og smakfulle og spennande opplevingar på Mekongdeltaet til gode. Deretter møte med eit nytt, flott folk i Kambodsja i tillegg.

Det er utruleg kvar to hjul kan føre oss hen.

Egil Heggen

Reiseleiar