Tilbakemelding på sykkeltur i Lucca 2025:
Hei igjen!
Turen vår var heilt vellykka, og vi var heldige med været.
Pga. sein flyavgang frå Gardermoen, og utsetting med omlag 1 time, kom vi til Pisa tysdag 1.april når det var mørkt.
Derfor rett til taxi - og direkte til hotellet vårt.
Fint, ryddig og reinsleg hotell med hyggeleg betjening - både ved frukostserveringa og i resepsjonen.
Beliggenheita var også fin, litt utanfor bymuren i Lucca.
Sykkelmannen vår hadde ordna sykler til oss i kjelleren og kom til avtalt tid kl. 08.30 på onsdagen.
Vi var veldig fornøgde med syklane!!!
Vi utforska området med ulike turer i ulike retningar 5 dager, med distanser omlag 40km til 70 km.
Den sjette dagen tok vi toget til Firenze, og gjekk rundt omkring i den fine byen, inkl. den store parken på sørsida av elva.
Lucca var ein fin og koseleg by, og vi var innom dei fleste kjente plassar, inkl. det høgaste tårnet siste kvelden.
(…)
Det er ikkje noko spesielt vi synest kunne vore betre.
Takk for godt opplegg og fin service frå dokke !!!
Helsing Rita og Tor
Tilbakemelding på sykkeltur i Lucca 2022
Hjemme igjen, ja. Og en fantastisk fin tur, bl.a til Lucca.
Hotellet var supert, og hadde veldig hyggelig betjening. Full pott av stjerner.
Sykkelutleie - full pott av stjerner. Han ga mange gode tips til sykkelruter og var veldig responsiv når vi hadde spørsmål.
Dette gjør vi gjerne igjen👍
-Elisabeth-