Tilbakemelding sykkeltur Chablis 2026:
Hei ☀️
Me hadde ein strålande tur!
Var veldig heldige med været, ingen skader og absolutt alt gjekk heilt knirkefritt.
Fine hotell, og spesielt glad for overnatting på Auberge de la Bursaudiere i Nitry.
Veldig god informasjon frå Olivenreiser i forkant av turen.
Olivenreiser sin samarbeidspartner i Frankrike, France a Vèlo, har me heller ingenting å utsetja på. Presise både i levering og henting av syklar, og god informasjonsdokumenter.
For at Olivenreiser, om mulig, skal bli endra bedre, har me eit par innspel:
-hadde vore kjekt om det var fleire serveringsstader i områdene me sykla i. Sjølv om me var informert om det før avreise, så savna me det.
Veldig øde og "lukka" landsbyar me sykla igjennom. Kanskje dette hadde vore bedre om turen var på ei anna årstid (?).
Noyers var dog ein veldig vakker landsby.
-ingen av vinsmakingane var spesielt interessante. I Chablis var vertskapet på fest, og hadde nesten ikkje tid til å gi oss servering.
Litt bedre hos Caves de Bailly.
For oss var ikkje dette krise, men om andre reisande gledar seg til vinsmaking, så ville eg ikkje ha anbefalt desse to distributørane.
Me vil absolutt anbefala Olivenreiser, og håpar å bestille tur via dykk ved seinare anledning.
Tusen takk for turen, og glad for at me valgte Olivenreiser☀️