Tilbakemeldinger 2022:
Vi er no tilbake frå turen.
Ønsker å gje ei god tilbakemelding.
Alt gjekk heilt perfekt – godt opplegg!
Gode hotell med fin service og hyggelige folk, gode sykler og godt vær.
Stort sett følgde vi dei foreslåtte reiserutene etter karta vi fekk.
Men nokre dager utfordra vi oss sjølve med nokre ekstra klatreetapper.
Var ein ekstratur opp på fjellet ved Randa ein dag og frå Selva til Lluc ein kveld.
Vidare erstatta vi dagsruta rundtur ved Selva med Sa Calobra ein dag.
Fekk også med oss første fjellet mot Formentor siste kvelden før avreise.
Vil sterkt anbefale denne turen og selskapet til slekt og venner.
Vi vil kanskje også ta ein liknande tur ved eit seinare høve.
Fornøgde turistar
Rita & Tor