Skip to main content

Valdres - som skapt for syklistar!

Eit år er gått sidan eg var i Vietnam og Kambodsja. Sykla i lag med ein koseleg gjeng Oliven-kundar. Så vart det stopp for gruppereiser til andre land. Brått slutt på det vi likte å drive med.
 

Men reiselysta vart ikkje stengt ned. Det var berre å sette seg på gjerdet og vente på at verda skulle bli normalisert att. Så kjedeleg å site på gjerdet. Saktens er eg gammal nok til å pensjonere meg på full tid. Men det er kjedeleg det også. Ettersom eg er så heldig å bu i Valdres, har eg rikeleg med sykkelvegar rundt meg. Dei er ikkje kjedelege. 

Kjører du gjennom Valdres, ser du lite av Valdres. Vakkert nok, med fine bygder og innsjøar. Men dei av oss som ikkje traktar etter asfalt og stor trafikk, søker opp i åsen. Der opnar det seg – den største delen av valdresriket. 

Til alle tider har åsen og fjellet vore den viktigaste delen av Valdres. Der ligg beita for rein og husdyr. Og massevis med natur for hyttefolk og friluftsinteresserte. Så fort iskanten trekte seg opp mot Jotunheimen, kom reinsdyra. I spora deira følgde samar og folk som etter kvart kalla seg norske. 

Frå Romarriket kom kunnskap om smijarn. I valdresfjella var det myrer i fleng, og malmen som gøymde seg der, hadde førsteklasses kvalitet. Jarnutvinning var viktigaste næringsveg i Valdres i middelalderen. Valdresjarnet var ettertrakta både for skandinaviske vikingar og som eksportvare til eit Europa som hungra etter våpen og smykke og verktøy. 

To steinkyrkjer og seks stavkyrkjer vitnar om velstandstidene på 1100- og 1200-talet. Med fleire fastbuande måtte det skaffast meir kjøt og skinnklede. Husdyr dekte begge behova, og gav attpåtil mjølk. Også på den måten kom den vide utmarka til nytte. I fleire tusen år sidan har storfe og småfe utnytta næringa i det saftige fjellgraset. 

Eg sender varme tankar til alle dei som i ein 50-årsperiode frå 1880-åra laga kilometer på kilometer med kjørevegar innover åsar og rundt fjella i Valdres. Minst 1000 kilometer – ein imponerande jobb. Då budeiene frå 1930-talet fekk besøk av mjølkebilar, vart dei avlasta for tungt arbeid med ysting og kinning. 

Med tida er det blitt fleire syklar enn mjølkebilar på stølsvegane. Sykkelturisme er eit nokså nytt fenomen i stølsområda. Men turistar er ikkje noko nytt. Vegbygginga gav støtet til bygging av fleire hotell og sanatorium, og med Valdresbanen (1906) auka tilstrøyminga av byfolk som ville oppleve kulokk og oppkvikkande fjell-luft. Valdresbanen er ikkje meir. Men naturen og stølslivet og den friske lufta består.

Velkommen til Valdres! 
Egil Heggen


Skrevet av: Egil Heggen
Reiseleder i Oliven


 «Vennlige og rause» 

Valdres-naturen er gjennom tidene blitt grundig skildra i kunst og reiseskildringar. Franske Jacques-Louis de la Tocnaye noterte også forskjellar i folkelynne då han i desember 1799 gjorde ei strabasiøs reise frå Bergen til Christiania. Han var glad til sinns då dei «fæle» båtturane på Vestlandet var tilbakelagt, og skysskarane hadde frakta han velberga over Filefjell: «Menneskene på denne siden av fjellet later til å tilhøre et helt annet folkeslag, det blir tydeligere jo lenger østover du kommer. De er like vennlige og rause som bergenserne er kranglevorne og griske. Et stykke inne i landet finner du også stadig flere velstående, for ikke å si rike, bønder, og mange av dem oppfører seg virkelig dannet. Slike mennesker fortjener egentlig ikke å kalles bønder. I andre land ville de ha tilhørt det bedre borgerskap.» 

(Fra boka «Promenade en Norvège», oversatt av Axel Amlie)


Vil du lese mer om vår sykkeltur i Valdres, 4. juli, kan du trykke her!

Fulltekstsøk
Kontakt oss
Adresse:
Oliven Reiser AS
Holbergsgate 14
3717 Skien
Norway